Laksefiske i Suldal i Ryfylke
![]()
Laksefiske i Suldalslågen. Foto: Kjetil Brekke/SuldalFoto.no ![]()
"Lakseslykke" på 21.1. kg i Suldalslågen Foto: Helga Møgedal, Suldalsposten. ![]()
Laksefiske i Suldalslågen. Foto: Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal. | I Suldal er det muleg å fiske etter laks i to elver – Suldalslågen og Hålandselva (Erfjord). Laksefiske i Suldalslågen Suldalslågen er elvestrekket frå Suldalsvatnet til Sand ved Sandsfjorden. På den 22 km lange strekninga renn elva stille og mektig gjennom eit variert natur- og kulturlandskap, avbroten av større stryk ved Juvet og den mektige, men berre få meter høge Sandsfossen nær utlaupet. Suldalslågen er ei populær lakseelv, men dei siste åra har og interessa for å fiske etter aure auka betrakteleg. Brunaurefisket startar 1. mai og varar til 30. september, mens laksefisket startar 20. juli og varar til 30. september. I Suldalslågen er det ein døgnkvote på 1 villaks over 75 cm, totalt 3 laks og/eller sjøaure (totalt 3 fisk) per døgn. Laks som har uomtvistelege ytre kjenneteikn på å vere rømd oppdrettslaks blir ikkje rekna inn i kvoten. Prisar på fiskekort i Suldalslågen sesongen 2010 På www.suldalslagen.no finn du til ein kvar tid ei oppdatert oversikt over oppgang- og fangststatisikk i Suldalslågen når laksesesongen er i gong. Laksefiske i Hålandselva Hålandselva, som renn ut i Hålandsosen i Erfjord, er og lakseførande. Elva er avhengig av god vassføring for at laksen skal gå opp. Her startar laksefisket 15. juni og varar til 31. august. Døgnkvoten for fiske i Hålandselva er 3 laks/og eller aure (totalt 3 fisk). Fiskekort for fiske i Hålandselva kan kjøpast på Suldal Turistkontor. For meir informasjon – ta kontakt med Turistkontoret på tel: 52 79 05 60, eller send ein e-post til post@suldal-turistkontor.no Reglar for fiske i elv Utdrag frå reglar om fiskeravgift og fiskerkort: "Den som har fylt 16 år og som vil fiske på lakseførende strekning i vassdrag er pliktig til å betale fiskeravgift. Elv regnes vanligvis som lakseførende fram til en foss som laksen ikke greier å passere, eller til grenser fastsatt av fylkesmannen. I tillegg må fiskeren kjøpe fiskekort for det strekket hvor han ønsker å fiske." Fiskeravgiften kan betalast i post og bank, eller på Inatur sin nettstad. |







