Velkommen til haustferie i Suldal!

Velkommen til haustferie i Suldal, 6. - 15.oktober! Haustmarknad – Kulturbåten - Bowling og Kino - Utstilling

Tor Møgedal og Silje Nerheim i kostyme frå "Kvitebjørnen" utstillinga på Nesasjøhuset, Ryfylkemuseet.
Haust i Suldalsheiane.
Foto: Kjetil Brekke/SuldalFoto.no

Hausten er her og me vonar at du kan få nokre flotte dagar i Suldal. Nedanfor finn du litt av det som skjer i haustferieveka 6.- 15. oktober 2017


HAUSTFERIE PÅ KULTURHUSET

Kino, bowling og kjekke arrangement heile veka
Sjå www.suldal.kulturhus.no for program.

HAUSTFERIE PÅ RYFYLKEMUSEET
Forteljarstund og ope i utstillinga Kvitebjørnen.
Sjå www.ryfylkemuseet.no for utfyllande program


7. oktober Haustmarknad på Møgedal
Frå kl. 10.00. Set av dagen store og små. Her blir det marknadsstemning både tradisjonelt og nye aktivitetar. I år vert det over 80 utstillerar på marknaden! Møgedal Mek. sine leverandørar er på plass, og mange lokale utstillarar.
All parkering vil dette året føregå på Garaneset.
Det er sett opp eigne skyttelbussar mellom Gata, Garaneset og Bergekrossen. 
Velkomne til ein god start på haustfereien!

12. oktober Kulturbåten
Kulturbåten MS Sunnhordaland legg til kai på Sand torsdag 12. oktober, her vil det vere aktivitetar for store og små. Her vil det bl.a. vere dukketeater, familieførestillinga Døren, UKM, tur med Eliasbåten og kino for dei små. Sightsing om bord og føredrag om fjordabåtene med Jone Laugaland for de båt interesserte. Konsert med Stein Torleif Bjella. 
Foredrag om strikking og moglegheit til å handle garn, 
Utstilling frå Ryfylkemuseet og Ryfylke Kunstlag. 
Og for alle dei som liker å bli skremt, Fredrik Hana skrekkfilmskaper viser filmane sine og fortel om produksjonen. I tillegg blir det rigga opp til kjempemessig utendørs kino på kaien. Her kan du sjå Elias og Storegaps hemmelighet for dei minste og Pirats og the Caribbean Salazars Revenge for dei som er litt eldre.
Program og billettar her www.suldal.kulturhus.no/program/

 

Handelsstanden Sand ynskjer deg velkommen til ein triveleg handel!
Kjernetida er
mån, tys, ons, fre.       09.00. 1600
torsdag                       09.00. 1800
laurdag                       10.00. 14.00
Bensinstasjonar, serveringsstader, matvarebutikkar har andre opningstider.

Elles så er haustferien også ein fin tid for flotte fotturar.  
Mange turforsalg finn du på kartet Suldalsheiane 1: 50 000.