Til og frå Suldal med bil

Suldal ligg innarst i Ryfylke i Rogaland, og den enklaste måten å komme seg til og frå Suldal på er med bil. Her er nokre korte vegforklaringar:

Frå Bergen, via Odda: Frå Bergen mot Norheimsund, vidare mot Kvanndal, ferje frå Kvanndal til Utne, frå Utne til Odda og vidare mot Røldal, derfrå Rv 13 vidare mot Sand/Suldal.

Frå Bergen, over Stord: Frå Bergen til Halhjem, ferje over til Stord, derfrå E 39 til Våg. Frå Våg E 134 til Ølen, frå Ølen til Sandeid, og derfrå vidare mot Ropeid.

Frå Haugesund: Rv 46 Ropeid, ca 85 km.

Frå Stavanger: Ferje til Tau, frå Tau R 13 til Hjelmeland, ferje frå Hjelmeland til Nesvik. Frå Nesvik R 13 mot Sand.

Frå Sandnes: Langs Rv 13, 24 km til Lauvvik, ferge 10 min. til Oanes. Frå Oanes R 13 til Hjelmeland. Ferje frå Hjelmeland til Nesvik. Frå Nesvik R 13 mot Sand.

Frå Egersund: 74 km frå Egersund til Lauvvik, ferge til Oanes. (192 km Kristiansand - Egersund). Frå Oanes R 13 til Hjelmeland. Ferje frå Hjelmeland til Nesvik. Frå Nesvik R 13 mot Sand.

Frå Kristiansand: På Rv 9 til Haukeli, deretter E 134 tilRøldal. Frå Røldal R 13 mot Sand/Suldal.

Frå Oslo: Gjennom Telemark på E134 over Haukeli til Ryfylke via Røldal. Frå Røldal R 13 mot Sand/Suldal.

Frå Larvik: På Rv 36 opp til Seljord i Telemark, og vidare E134 mot Røldal. Frå Røldal R 13 mot Sand/Suldal.

Suldal er omgitt av fjell og sjø, så før avreise kan det lønna seg å sjekke ferjeruta og (på vinteren) føreforholda på vegane.