Suldalsbrosjyren 2013




Arkitektteikning, Høse brua, gangbru ved Sandsfossen, Nasjonal Turistveg Ryfylke. Ill. Sami Rintala.

Velkommen til Suldal!

“Suldal er Ryfylkes mest storslagne trakt; her finnes samlet på et mindre område alt, hva en ekte norsk natur har at frambyde, så som et større hoveddalføre med sidedaler, fjell med høye topper og snefonner, en større innsjø, elver med stolte fosser“.

Slik vart turistane ynskte velkomne til kommunen vår og til Discovery Route for meir enn hundre år sidan. I våre dagar snor Nasjonal turistveg seg gjennom Ryfylke og Suldal. Som reisande blir du invitert til å besøkja eit spennande landskap, møta menneske som er stolte av heimstaden sin og kulturen sin, og sjå moderne arkitektur framheva historiske røter. Almannajuvet i nabokommunen Sauda er ein nasjonal attraksjon. Nasjonal turistveg Ryfylke inneber ei nysatsing på reiseliv i regionen og opnar for mange spennande rundturar i kommunen vår. På ny opnar Discovery Route gjennom Suldal seg.

Du er velkommen som gjest i Suldal.

Torkel Myklebust
ordførar