Servering i Suldal - både til kvardags og fest!




Fargeriet Kafe i Gata på Sand i Suldal.
Foto: Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal.
Ryfylke Fjordhotel på Sand i Suldal
Restauranten på Ryfylke Fjordhotel ligg nesten heilt nede ved sjøkanten på Sand, med flott utsikt til småbåthamna, fjord og fjell. Dyktige kokkar sørgjer for god heimelaga mat og serverer alt frå tradisjonelle norske retter til dei mest eksklusive gourmet-måltid.
Tel: 52 79 27 00.


Fargeriet Kafè på Sand i Suldal

Fargeriet Kafè ligg i Gata på Sand, og serverer både kaffimat, lunsjretter og middagsretter. Torsdag er komle fast post på menyen. Fargeriet har også catering.
Tel: 52 79 74 05.


Energihotellet på Nesflaten i Suldal

Energihotellet er eit kurs og konferansehotell med kjøkken som serverer god mat av lokale råvarar til grupper på bestilling. Dei har skjenkerett og god vinkjellar.
Tel: 51 20 05 55.


Mo Laksegard på Sand i Suldal

Mo Laksegard serverer god lokal mat til grupper på bestilling. Dei har skjenkerett og eiget gardsbryggeri.
Tel: 52 79 76 90.


Lakseslottet Lindum på Suldalsosen i Suldal

Lakseslottet Lindum er eit kurs og konferansehotell med førsteklasses kjøkken som serverer mat til grupper på bestillingen. Dei har skjenkerett.
Tel: 52 79 91 61.


Gullingen Turistsenter på Gullingen i Suldal

Gullingen Turistsenter har ope kafè med middagsservering kvar søndag frå februar til oktober. Dei tek i mot bestilling frå enkeltpersonar og grupper for matservering heile året. Gullingen Turistsenter har også catering.
Tel: 52 79 99 01.