Båtferie i Suldal i Ryfylke




Sommardagar i Sjubbeholsvågen, Ropeidhalvøya. Foto: Rune Roalkvam
Noresjøen på Jelsa.
Foto: Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal.
Sand Småbåtforening.
Foto: Suldal Turistkontor.
Fjordane i Suldal har mykje å by på for deg som er båtfrelst! Du kan velje mellom småøyar og vikar ytst i fjordane våre, og steile og bratte fjordar lengst inne i kommunen. Naturen forandrar seg heile vegen og er absolutt verdt eit besøk.


Uthamner i Suldal i Ryfylke

På vegen rundt i Suldal kan du gjere strandhogg i ei av dei mange uthamnene i Suldal, m.a. Sjubbeholsvågen i Vatlandsvåg, Skaholmen/Berge i Økstrafjorden og Barkaneset i Økstrafjorden.
Desse stadane er tilrettelagt for båtliv, og er svært mykje brukt om sommaren. Meir info om uthamner i Suldal finn du på Ryfylke Friluftsråd sin nettstad under menypunktet "Skjærgårdstjenesten".


Kulturhistorisk båtkart for Suldal og Sauda

For å gjere turen innover meir interessant, har me saman med Ryfylkemuseet og Sauda Ferie og Fritid fått laga eit Kulturhistorisk Båtkart for fjordane i Sauda og Suldal. Det kan du få tilsendt ved å ta kontakt med oss på tel: 52 79 05 60, eller ved å sende ein e-post til post@suldal-turistkontor.no


Oversikt over gjestehamner i Suldal i Ryfylke:

Hålandsosen Gjestehavn i Erfjord i Suldal

Erøy Båthavn i Erfjord i Suldal

Marvik Gjestehavn på Ropeidhalvøya i Suldal

Vatlandsvåg Gjestehavn på Ropeidhalvøya i Suldal

Jelsa Gjestehavn i Suldal

Sand Småbåthavn i Suldal

Foreneset Marina på Foreneset i Suldal