"Ta sjansen" i båthamna

Nytt av året er høve til å ”Ta sjansen” på å kome seg tørrskodd over ein flytande ”gangsti” i båthamna på Sand laurdagen under Ryfylkedagane. Det blir premie på dei som kjem raskast over, og for dei som har den beste ”framføringa” – kanskje ikledd eit sprekt kostyme?
Deltakarane blir delt inn i 3 klassar – barn (8 – 11 år), ungdom (12 – 16 år) og vaksne – og vinnaren av kvar klasse får eit gåvekort på kr. 500 som kan brukast i butikkane på Sand. Same premie går også til den som har den beste framføringa.
Konkurransen byrjar kl. 14.30.
Påmelding same dag i informasjonboden som står i byrjinga av Gata.


Så - kle deg ut og ta sjansen!