Klatring i Suldal




Klatring i Suldal.
Foto: Anne Lise Norheim.
I Suldal er det utvikla fleire klatrefelt av ulik storleik og kvalitet. Fjellkvaliteten er jamt over lite klatrebar - enten er fjellet for kompakt eller for laust. Elles har det vist seg å vere mange islinjer vinterstid så lenge kulda held seg.

SPORTSKLATRING I SULDAL
Det er sportsklatring som er den mest nytta klatreformen i Suldal. Til no er det utvikla 4 klatrefelt av ulik kvalitet og storleik. Dei fleste rutene er utstyrt med boreboltar i syrefast kvalitet eller limboltar. Nokre av linjene må sikrast med eigne sikringsmidlar. Alle rutene er utstyrt med snufeste. Rutene er onsight-venlege.

Kart med oversikt over klatrefelt i Suldal


Marvik
Klatrefeltet ligg ved Solland rett før avkøyringa til Marvik (frå Ropeid). Klippe av høg kvalitet. 2 min anmarsj. Parkering i vegkanten, men ikkje føre grinda. Lukk grinda etter deg, eller gå utanom gjerdet og opp gjennom skogen.

Alle rutene er sikra med boreboltar og har snufeste. Grad 4+ til 9-.
Klatreførar for Marvik


Vela
Følg vegen frå Sand mot Stavanger omlag 6 km. Liten parkeringsplass på innsida av vegen, kor det er plass til 2-3 bilar. 3 vegger. Anmarsj frå 2 til 5 minutt.

Nedre Vela: Veggen ligg på nedsida av bilvegen. 13 ruter, svavegg. Frå grad 4+ til 7-. Vegghøgde opp mot 20 meter. Dei fleste rutene er bolta, men eit par ruter krev kiler. Alle rutene har snufeste.

Mellomveggen: Bare ei rute. Naturleg sikra, 7-. Med snufeste.

Øvre Vela: Følg sti frå parkering over myr (sjå etter ein liten varde). Veggen har omlag 15 ruter. Grad frå 5 til 8-. I tillegg eit par tekniske linjer, A1 og A4(?). Dei fleste rutene er bora, nokre er naturleg sikra. Alle rutene har snufeste.


Erfjord

Det er utvikla eit lite klatrefelt i Habn i Erfjord. Følg skiltinga til Habn (merka badeplass). Kort anmarsj og familievenleg. Området er tilrettelagt for bading og det er fast grill.

Ein låg vegg med 6-7 ruter med snufeste. Nokre av dei er bora for led. Førebels ei rute på den høgaste klippen.


Gamlaskar

Køyr mot Gullingen. Parkering i nordenden av Mosvatnet. Anmarsj 30-45 minutt. Det er fint å telte i området. Feltet består av fleire vegger med tildels god fjellkvalitet. Det gjenstår å utvikle fleire av veggene.

Mjølkesteinveggen: Ligg øvst i feltet. 8 ruter av god kvalitet. Opp mot 11 meter lange ruter. Grad 3 til 6. Alle rutene er bora og har snufeste. Tett på tjern. Barnevenleg.

Sartreveggen: Ligg nest øvst. 5 ruter av dels god kvalitet. Grad 4 til 7+. Opp mot 20 meter. Alle rutene er bora og har snufeste.

Stølsveggen: Ligg rett innafor stølen som ein klump. 9 ruter av ulik kvalitet. Grad 3 til 5+. Opp mot 20 meter. Alle rutene er bora og har snufeste. Noko utsett starthylle for nokre av rutene. Ikkje barnevenleg.


ISKLATRING

Gullingen
Området rundt Gullingen har rundt 50 islinjer med stort og smått. Dei fordeler seg på 3 hovudområder. Det er ikkje bora opp mikslinjer i området.


Ulladalen

Ulladalen har nær 10 islinjer på fleire taulengder. Dei ligg svært utsett til fordi det er lågt over havnivå og dei er sydvendte. Stort sett kort anmarsj.


Hedlebrekk

Hedlebrekk er hovudområdet. Parker på parkeringsplassen på Hedlebrekk og vend nasen mot Gullingentoppen. Då vil du sjå dei fleste linjene. Dei fleste linjene er korte, 10-40 meter.


Stavastølsdalen

Stavastølsdalen har lengst anmarsj. Parkering ved oppkøyring til skianlegget/turistsenteret. Må rekne med omlag 1 times anmarsj på ski. Omlag 10 islinjer fra 20 meter til 3 taulengder. Isen er mest stabil i dette området då det ligg høgast og nordvendt.


Bratlandsdalen

Klatringen i Bratlandsdalen er lokalisert på to stader. Når du kjem frå Nesflaten er det omlag 1,5 km oppover dalen. Du skal passere to tunnelar og ser då is til venstre for vegen. Nokre linjer ligg tett i vegen, men kremen kan sjåast i form av ein isfylt ”gryte” som er stappa med linjer. Her held isen seg lenge då området er "baksolt". Det er dårlege forhold for parkering her. Det finst parkeringsplass mellom dei to tunnelane.

Lenger opp i dalen, ved Tornes, finst fleire linjer på 2-3 taulengder. Dei er lett synleg på høgre side av vegen og elven. Parkering på oppsida av brua.


Skrevet av Ketil Strømme, keaf@online.no


KONTAKTINFO, ORGANISERT KLATRING I SULDAL

Suldal Klyvarlag, jarand@hindenes.org