Ryfylkemuseet sitt hovudsete -Nesasjøhuset på Sand




"Brødrene af Sand" til kai ved Ryfylkemuseet.
Tor Møgedal og Silje Nerheim i kostyme frå "Kvitebjørnen" utstillinga på Nesasjøhuset, Ryfylkemuseet.

Hovudsete til Ryfylkemuseet - Nesasjøhuset - ligg i Nordenden på strandstaden Sand. Nesasjøhuset er eit restaurert sjøhus frå 1850.

Fast og skiftande utstilling

Fast utstilling ”Kvitebjørnen”,ei spennande opplevingsutstilling for barn. I tillegg er det sommarutstilling.


Museumsbutikk og kafè i fyrste etasje
I fyrste etasje på Nesasjøhuset har Ryfylkemuseet ein liten museumsbutikk. Der kan ein kan få kjøpt bøker utgitt av museet, anna lokal litteratur, handverksprodukt frå Ryfylke, samt smykke og glasvarer. I fyrste etasje har dei også ein enkel kafè, kor ein kan få kjøpt kaffi, brus og is.


Opningstider

Heile året: måndag – fredag kl. 9 – 15.
Sommarope- 2016
1/6-21/6: kl. 10-17 alle dagar
22/6-16/8: kl. 10-18 alle dagar
17/8-31/8: kl. 10-17 alle dagar 
 
Pris
Vaksne: 60 NOK
Barn: 30 NOK
Barn under 3 år gratis.

Nesasjøhuset har ope for grupper utanom vanleg opningstid. Kontakt Ryfylkemuseet på
tel. 52 79 29 50 for meir informasjon.


For meir informasjon om Ryfylkemuseet - sjå nettstaden til Ryfylkemuseet - www.ryfylkemuseet.no


Finn plasseringa av Nesasjøhuset på eit kart!